#90 Emil Berntsen og sesongavslutning
Det er duka for episode 90, årets siste episode, og sesongavslutning! I den anledning er dette ei litt annleis episode. Oskar har tatt med seg sin ...
Ta vare - med Hannah og Oskar · Nitro
December 17, 202437m 54s
Audio is streamed directly from the publisher (media.pod.space) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.
Show Notes
Det er duka for episode 90, årets siste episode, og sesongavslutning! I den anledning er dette ei litt annleis episode. Oskar har tatt med seg sin bror Lukas i studio for litt adventsprat, men han er ikkje den einaste gjesten. For i førjulstida kan du nemleg følge med på komikar og skodespelar Emil Berntsen sin julekalendar, der han samlar inn pengar til Mental Helse Ungdom - vi tok ein prat med Emil for å høyre korleis han tek best vare på si psykiske helse. I tillegg til dette prøvar Hannah og Oskar å oppsummere årets ta vare-sesong.
Har du tilbakemeldingar, forslag på gjestar, eller ynskjer om tematikker vi skal ta opp i podkasten? Ta kontakt med oss på [email protected]
"Ta vare-med Hannah og Oskar" er Mental Helse Ungdoms podkast.

Treng du nokon å snakke med?
Mental Helse Ungdoms hjelpechat er open kvar dag, fra 18:00-21:00.
Mental Helse Ungdoms hjelpechat er open kvar dag, fra 18:00-21:00.
Programleiarar: Hannah Christin Lerfaldet (@hannahchristin) og Oskar Fjørtoft (@oskarfs)
Produsert av Nitro lydstudio, med Robin Howard bak spakene.