PLAY PODCASTS
Lagapodden: Rex justus

Lagapodden: Rex justus

Strid – de norske borgerkrigene · Live Vedeler Nilsen

April 6, 202134m 39s

Audio is streamed directly from the publisher (sphinx.acast.com) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.

Show Notes

I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel til å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva var borgarkrigane, kva var eigentleg dette nye kongsidealet, og korleis kom det til å fungere i praksis?

 

Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Hans Jacob Orningprofessor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.

  


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.