PLAY PODCASTS
#023 Powerslave med Eirik Strønen Søfteland
Season 3 · Episode 23

#023 Powerslave med Eirik Strønen Søfteland

Priest og Maiden er gode på eigne låtar, men korleis er dei på å covre andre sine låtar?

Priest VS Maiden · Tarjei Heggernes og Bård Nordvik

April 28, 20221h 11m

Audio is streamed directly from the publisher (sphinx.acast.com) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.

Show Notes

Eirik Strønen Søfteland kom busande inn i hjartene til heile det norske folk i 2013, og har hatt ein plass der sidan! Han er ein framifrå vokalist og formidlar av både eigne og andre sine låtar, og han har fleire gonger måtte stå rett foran ekspert/dommarpanel (men han har vel aldri fått kjeft). Han leiar prog-rockarane Sipher i tillegg til at han frontar eitt av Bergens to Maiden-coverband: Powerslaves.


Men! Både Priest og Maiden spelar og coverlåtar, alt frå Joan Baez, Fleetwood Mac, Jethro Tull, Thin Lizzy, FM m.m. har fått sitt umiskjennelige Priest eller Maiden-preg opp gjennom åra. Kva for eitt av banda er det som tar denne oppgåva mest på alvor, og klarar å lage låtane til sine eigne? I denne episoden er det Eirik som utgjer dommarpanelet, og avgjer utfallet.


Eirik sine favorittar:


Maiden:

Album: Powerslave

Låtar:

  1. Powerslave
  2. Alexander the Great
  3. The Clairvoiant

Priest:

Album: Firepower (!)

Låtar:

  1. Painkiller
  2. Necromancer
  3. Living after midnight


SPOILER ALERT!


Eirik sitt poeng gjekk til Priest! Etter første gjest i 2022 sesongen er stillinga: Priest 8,5, Maiden 5,5.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.