
Nokon må gå
231 episodes — Page 3 of 5

Jonas Gahr Støre er gjest: - Raudt har ei autoritær og forblinda haldning
I svært tidlege morgontimar 24. februar fekk statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vite at Ukraina var invadert. Han forsto med ein gong at dette var eit tidsskilje med omfattande konsekvensar. I dette eksklusive intervjuet med Nokon må gå snakkar han om korleis krigen har påverka norsk EU-debatt, forholdet til Raudt og norsk økonomi.

Frp på lading, milliardkrangel og russetid
Frp har landsmøte denne helga og held på med å finne seg sjølv på nytt. Men må dei vere så keisame? Bergen kommune står midt i ein milliardkrangel før dei kan få bygge sin nye bydel. Og denne veka startar russetida, for første gong på tre år. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis det brukar å gå føre seg i bygd og by på Vestlandet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Lyd: VG, Fjell kommune Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound)

Ei melding frå Nokon må gå
Dagens episode finn du i BT-appen eller på Podme.

Klimamål, podkrangel, Zelenskyj-tale og Høgre-landsmøte
Senterpartiets Marit Arnstad meiner at Noreg kan måtte skyve på klimamåla våre, sidan det ikkje vil vere mogeleg å elektrifisere heile sokkelen med straum frå land. Me dykker ned i konflikten mellom Ap-podkasten Partipressa og Harald Eia, snakkar om talen til den ukrainske presidenten i Stortinget – og så spør Anne om råd før ho skal på Høgre-landsmøte i helga. Programleiarar: Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Tore og Haralds podkast, Stortinget

Kaos i Bergen og sushi i Knarvik
Det er framleis bråk i Bergen Senterparti og Høgre held fram med sin nomiasjon. Det politiske Bergen leverer altså på toppnivå. I tillegg har sparkesykkelselskapet Ryde fått tyn frå Arbeidstilsynet. I spalta "Å Vestland" skal me til Knarvik, som kan få sin første sushi-restaurant. Men kan strilar ete sushi? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, NRK

Kamp om Bergen Høgre-trona, alt blir dyrt og vestlandsk ferieplanlegging
Gerd ser at det bryggar opp til kamp om toppvervet i Bergen Høgre, etter at fleire bydelslag utfordrar Harald Victor Hove som byrådsleiarkandidat. Anne forklarer kvifor det er vanskeleg for regjeringa at staten tener så mykje pengar. Og Morten lurer på kva type ferieplanlegging som er den mest vestlanske måten. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Tajik gjekk av (igjen) og verda har gått frå pandemi til krig
Hadia Tajik har gått av to gongar på éi veke, Marte Mjøs Persen har fått ny statsrådpost og me har gått rett frå pandemi til krig. I tillegg får me eit innblikk i NHH-kulturen i “Å Vestland”. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Nettavisen, Regjeringa, NRK

Kvinnedagen spesial
Anne og Eirin snakker om sitt forhold til kvinnedagen, sine feministiske kampsaker og hvorfor det er så mye krangling i kvinnebevegelsen. Programleiarar: Anne Rokkan og Eirin Eikefjord Produsent: Anna Ofstad Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Tajik gjekk, Ukraina-krigen held fram og Kinn vil dele seg i to
Hadia Tajik gjekk av som arbeidsminister onsdag, men held fram som nestleiar i Ap. Må ho gå av endå ein gong? Ukraina-krigen held fram, og snur opp ned på det meste. Og heilt uavhengig av alt anna: Noregs raraste kommune vil dele seg. Me skal til Kinn i Å Vestland. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BE24, Stortinget

Presseskandale og ei oppskrift på å bli bergensar
Hadia Tajik er vekas mest omtalte i Norge, etter utskjelling av Aftenposten og saker om pendlarbustad. Ei presseskandale kalla ho det, men er det kanskje ho som står for skandalen? Ei fersk bergensmåling står elles på programmet, før Anne Rokkan sjekkar om Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt er blitt ekte bergensarar enno. Programleiarar: Gerd Tjeldfåt, Anne Rokkan, Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Lyd: NRK Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Ekstrapod om Ukraina
Russland har invadert Ukraina – igjen. Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen snakkar seg gjennom korleis me kom hit, og kva som kan skje framover. Programleiarar: Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

NMG Live med Monica Mæland og Knut Arild Hareide
Politiet har ransaka folk ulovleg i alle år, og vestlandske kommunar har gått frå slagord til kommunikasjonskonsept. I tillegg fekk poddiken besøk frå to tidlegare statsrådar på scena på Kulturhuset i Bergen. Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svanevik Arrangementsansvarleg: Martin Larsen Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Lindås kommune

Brennande sparkesyklar og delikatesser frå Nordfylket
Tre gonger har det begynt å brenne i lageret til sparkesykkelbedrifta Ryde. Blir dette kroken på døra for dei i Bergen? Fyr og flamme blir det også i studio når Anne og Morten kranglar om elektrifisering av sokkelen. Og bli med på ei kulinarisk reise i Sogn og Fjordane i vekas Å Vestland. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Koronacontent og kjendisar frå vest
Alle får korona, og det viktige spørsmålet er korleis gjere det til «bra content». Energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) får kritikk frå alle kantar, men må ho verkeleg gå? Og kven skal få vere med i ein kjendisreality frå Vestlandet? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK Debatten, Regjeringa

Ny byråd, nytt Sp-fall og ny kommentator
Ap og Sp gjer det dårleg på målingane, og Bergen har fått ein ny skulebyråd. I tillegg tar me bygdedebatten i denne vekas episode, der vikarkommentator og bygdetilflyttar Stig Arild Pettersen er med. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT, Regjeringa

Storkukstemning og brennende nynorsk
Bergen kommune har tapt i retten, og Eirin Eikefjord mener det skyldes «big dick energy». Bergen Frp skal gjenoppstå, og Gerd Margrete Tjeldflåt anklager Anne Rokkan for å hate nynorsk. Programledere: Anne Rokkan, Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Unge Høyre

Sjakk-Toska og samrøre-politi
TV 2 får kjeft for å bruke David Toska i sjakksendinga si. Politiet kjeftar på Justisdepartementet. Og Morten kjeftar litt på kjøpesentra. Programleiarar: Anne Rokkan, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp TV 2

– Det er lett å gløyme Sunnhordland
Jens Stoltenberg vil framleis bli sentralbanksjef, Sveio vil bli i Vestland og stormen «Gyda» gjer at me snakkar om vestlendingens storm-mentalitet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svaneik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Skjenkestopp og spådommar for 2022
For eitt år sidan gjetta me på korleis 2021 skulle bli. Det gjekk sånn passe. Så me prøver oss igjen for det kommande året. Dessutan: Regjeringa er i hardt vêr på grunn av skjenkestoppen, og me ser nyttårstalen til Støre med vestlandske briller på. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Eirin Eikefjord. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

God jul
Det kan bli kvit jul i Bergen, men kor mykje betyr eigentleg det? Det og anna julestoff får du i denne ekstra julete episoden av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll Produsent: Morten Myksvoll Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

2021: Året som kunne vore betre
Denne veka forsøker me å oppsummere året for byrådet i Bergen og den nye regjeringa. Det har jo vore litt turbulent. Og så rykka Brann ned. Så snakkar me om den mest vestlandske julefilmen: Mongoland. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lyd: NRK, VGTV, Mongoland

Omikron, Bybanen og vestlandske rikingar
Regjeringa har nett stramma inn, Bybane-dramaet treng ei foreløpig oppsummering og kva fortel skattelistene om vestlandske rikingar? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lyd: BT, Regjeringa

Ny u-sving for Bybanen
Gerd fekk ein telefon i akebakken. Det var starten på ein episk kveld i bypolitikken, som førte til at nokon måtte gå i studio for å lage ei ekstrasending. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Skal ikkje nokon gå på?
Ingen vil styre Bergen, og for første gong i podkastens historie må me be nokon om å gå på. Morten Myksvoll og Gerd Tjeldflåt oppsummerer den fastlåste situasjonen, og kva som no kan skje. Og så stiller me det rare spørsmålet: Kan ein vere utru og Senterparti-politikar? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Bybanen: Dagen derpå
Me skulle få eit endeleg vedtak på Bybanen til Åsane onsdag. I staden fekk me ei politisk krise som ikkje eingong Bergen har vore borti før. Kva skjedde i bystyret i går? Og kva skjer no? Det er tema i denne vekas episode. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lyd: BT

Blir det bybane til Åsane?
På onsdag vedtek truleg bystyret at Bybanen til Åsane skal gå i tunnel. Men blir den faktisk noko av? Og korleis ville bystyret sett ut no, dersom det var val i dag? BT har ei ny meiningsmåling, tatt opp midt under den mest intense bybanedebatten. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Stortingspresidenten må gå
Klimatoppmøtet er over og sjefredaktør Frøy Gudbrandsen fulgte det i Glasgow. Ho er vekas gjest. I tillegg til verdas mogelege undergang, snakkar me om stortingspresident Eva Kristin Hansens pendlarbustad og byter ut Å Vestland med Å Bybanen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Frøy Gudbrandsen Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, Guardian

Podjubileum, statsbudsjett og Bybanen
Vedum har presentert sitt første statsbudsjett, Bybanen er éi veke nærare eit vedtak og korleis feirer eigentleg vestlendingar? Det er tema i denne vekas episode av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Stortinget, BA

Vår tids største utfordringar: Klimakrise og bybanekrise
I denne episoden er det tid for å løyse store verdsproblem. Først: Korleis skal me nå klimamåla? Og deretter: Kor skal den Bybanen gå? Slike store spørsmål krev forsterkingar, så denne veka har Gerd Tjeldflåt fått med seg politisk redaktør Eirin Eikefjord og kommentator Hans Mjelva. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Hans Mjelva Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: VG

Død over Sogn og Fjordane, Kvinnherad-drama og UiB 75 år
Reform etter reform skulle gå i revers. Korleis gjekk det eigentleg? I Kvinnherad er det krig mellom Ap og Sp etter at Ap og Sp gjekk i regjering. Og kor mytisk er studietida i Bergen? Programleiarar: Eirin Eikefjord, Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Arve Stigen Lydklipp: Kvinnherad kommune og Stortinget Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

Ekstreme straumprisar og Vestlandet kan lære av Saudi-Arabia
Straumprisane dominerer den politiske debatten, og me spør kvifor straumen kostar så mykje her i vest. Me må ein liten tur innom KrF, før Jens Kihl lurer på om Vestlandet kan la seg inspirere av Saudi-Arabia. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt , Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Ny regjering
Jonas Gahr Støre (Ap) har tatt over som statsminister. Gerd og Morten diskuterer statsrådskabalen og regjeringsplattforma i denne vekas episode. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

KrF, Samnanger-drama og Bergen treng ein statsminister
Fleire fylkeslag peiker på Dag Inge Ulstein som ny KrF-leiar. Og ordføraren i Samnanger har søkt jobb – som rådmann i Samnanger kommune. Gerd er derimot mest uroa over at Bergen ikkje lenger skal ha statsministeren i Noreg. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

SV-brot og meir bybanebråk
Det blir ingen fleirtalsregjering mellom Ap, Sp og SV – og det betyr at Jens fekk rett. Me snakkar om SVs posisjon etter regjeringssonderingane og mogelege problem for Ap og Sp. I tillegg tar me den store bybanepraten, før me markerer gjenopninga av Noreg. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Sonderingar i aust, snart meir bråk i vest
Ved ein innsjø på Austlandet sonderer Ap, Sp og SV om regjering. Snart er det duka for ein ny runde bybanebråk i Bergen. Og Dagbladet må verkeleg ta seg ein studietur til Vestlandet. Programleiarar: Morten Myksvoll, Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Arve Stigen Lydklipp: NRK Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

KrF-spesial
Kjell Ingolf Ropstad måtte gå av som KrF-leiar. Endå ei krise for det kriseramma partiet. Kva gjer dei no? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

NMG: Dagen derpå
MDG og KrF kollapsa i oppløpet, Ap og Sp knuste forventningane og skal eigentleg SV i regjering? Det er på tide med ein fot i bakken etter stortingsvalet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

NMG Live-oppsummerer valkampen
"Nokon må gå" avsluttar valkampen saman med Sara Bell frå SV og Dag Inge Ulstein frå KrF. Me kåra òg dei mest vestlandske parallellsamfunna i denne episoden som vart spelt inn direkte på Ole Bull Scene i Bergen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Gjester: Sara Bell (SV) og Dag Inge Ulstein (KrF) Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

Sp-kollaps i Trivselsfylket
Senterpartiet er i fritt fall i Sogn og Fjordane og KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad får kjeft etter avsløringa om pendlarleilegheita hans. Det er tema i ein ekstraepisode av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Klimadebatten, Støre som statsminister og Guds eige mål
Regjeringa vil gjere det mindre gunstig å leite etter olje. Det kjem samtidig som Venstre flyg høgt på målingane, og klimadebatten har dominert fullstendig. Me snakkar òg om Ap sin valkamp og kor godt det går med nynorsken for tida. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Regjeringa, BT

Måling, politikarbøker og vestlandske dødssynder
BT startar torsdagen med ei ny måling, og det er sjølvsagt tema i "Nokon må gå". Episoden handlar òg om politikarbøker i lys av Jan Bøhler og Trygve Slagsvold Vedums nye bok. I Å Vestland spør Gerd kva politikarane absolutt må unngå å gjere på Vestlandet – den lista er lang. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe

NMG live: For ei sjokkmåling!
Valkampen har starta, og «Nokon må gå» får besøk frå Kjersti Toppe (Sp) og Arild Hermstad (MDG). BTs nye sjokkmåling er blant temaa, som viser Senterpartiet i fritt fall og eit MDG i god form. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

– No fortener Erna Solberg ei litt dårleg måling
BTs nye stortingsmåling er dårleg nytt for Høgre. Koronaen er tilbake i Bergen, med høge smittetal og nye restriksjonar. Og kven bør bli statsrådar i ei ny regjering? Det er tema i denne vekas episode av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: BT

Er det Sp-kaoset som skal gje Erna Solberg ein tredje periode?
Valkampen har starta, Gerd har vore i Sogn og Fjordane og det er skredfare inni tunnelane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Høgre, NRK

Raudt kan kome over sperregrensa
Raudts Sofie Marhaug er gjest i denne vekas episode. Ho kan få Raudts første stortingsplass frå Hordaland, og partiet hennar kan kome over sperregrensa for første gong.

22. juli
Denne veka er det ti år sidan terroråtaket 22. juli. Lubna Jaffery, som i dag er fungerande byrådsleiar i Bergen, var i Oslo då bomba gjekk av. Dottera hennar var på veg til Utøya. Programleiarar: Jens Kihl og Morten Myksvoll. Gjest: Lubna Jaffery (Ap) Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound)

Ei naken rumpe lokkar ingen til bygda
Norwegian er i hardt vêr etter millionbonusar. Men kvifor trudde regjeringa at dei skulle vere solidariske med storsamfunnet? På fødeavdelingane er det fullt av fødande, og få jordmødre. Og i distriktet kler ein ordførar av seg for å stoppe fråflyttinga. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK, Visit Norway Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen
Partiet Raudt er i storform og kan lage kaos på Stortinget. I retten står slaget om det er ein menneskerett å få arrangere fest under ein pandemi. Og korleis skal ein kle seg i vestlandssommaren? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

NMG live: Det var den våren
Valkamp er tema når podkastgjengen får besøk av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP). På scena på Litteraturhuset oppsummerer me også våren, og kårer Bergens beste krangel. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

– Det er veldig rart at me homofile er oppe til debatt éin gong i året
Politiet skapte rabalder på eit væpna foredrag på Osterøy, Pride-månaden er igang og podkastgjengen diskuterer kva koronatiltak vestlendingar kjem til å sakne. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, TV 2