PLAY PODCASTS
Kyborgane kjem. Lone Frank og Lasse Pihlstrøm om hjerneforsking
Episode 100

Kyborgane kjem. Lone Frank og Lasse Pihlstrøm om hjerneforsking

Eit menneske med implantert teknologi som har ers…

NB:arrangement · Nasjonalbiblioteket

June 18, 201957m 6s

Audio is streamed directly from the publisher (sphinx.acast.com) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.

Show Notes

Eit menneske med implantert teknologi som har erstatta eller forbetra organiske funksjonar – ein kyborg. Sidan 60-åra har kyborgen levd i beste velgåande i våre førestillingar. I science fiction-tradisjonen finst både positive og skrekkinngytande visjonar om menneske-maskina, men vil kyborgen nokon gong kunne stige ut av førestillinga og inn i røynda? Kan den menneskelege hjerne bli ei «elektronisk maskin»? Den danske vitskapsformidlaren og hjerneforskaren Lone Frank er aktuell på norsk med boka «Lystlegen», om historia og teknologien bak djup hjernestimulanse. I samtale med nevrolog og skribent i Morgenbladet Lasse Pihlstrøm brukar dei førestillinga om kyborgen som bakteppe for å seie noko om dei etiske spørsmåla og vitskaplege moglegheitene ein står framfor i moderne hjerneforsking.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.