
Episode 92
Den norske sjukdommen. Anne Kveim Lie om radesjuken
Radesjuken er ein ukjend sjukdom for dei fleste i…
NB:arrangement · Nasjonalbiblioteket
April 23, 201937m 48s
Audio is streamed directly from the publisher (sphinx.acast.com) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.
Show Notes
Radesjuken er ein ukjend sjukdom for dei fleste i dag, men på 1700-talet var den Noreg sitt største helseproblem. Sjukdomen var ikkje kjend frå andre stader og fekk difor tilnamnet «den norske». Radesjuken sine herjingar gjorde at det blei oppretta 16 sjukehus rundt om i landet, og desse danna grunnlaget for det moderne sjukehusvesenet. På 1800-talet var radesjuken på retrett, men eitt spørsmål står likevel att: Kva var eigentleg radesjuken? Anne Kveim Lie er utdanna lege og idéhistorikar og fyrsteamanuensis i medisinsk historie. Ho skriv om radesjuke i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.