PLAY PODCASTS
Velsigne våre blå kroppar. Warsan Shire og Athena Farrokhzad

Velsigne våre blå kroppar. Warsan Shire og Athena Farrokhzad

Litteraturhusets podkast · The House of Literature in Oslo - Litteraturhuset

December 24, 20221h 0m

Audio is streamed directly from the publisher (sphinx.acast.com) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.

Show Notes

Warsan Shire er ein kritikarrost og prisvinnande britisk poet. I 2016 vart ho trekt fram av artisten Beyoncé som ei av hennar favoritt-poetar, og ho figurerer på albumet «Lemonade» og i filmen «Black Is King». I 2014 var ho første poet som fekk tittelen Young Poet Laureate of London.

Shire er fødd av somaliske foreldre i Kenya og oppvaksen i Storbritannia, og har sagt at ho nyttar si eiga erfaring som innvandrar, så vel som erfaringar frå familie og kjende i det ho skriv.

Dei to diktsamlingane hennar, Eg lærer mor mi å føde og Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, er begge gjendikta til norsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Her utforskar ho tema som oppvekst, mødrer og døtrer, svart identitet, migrasjon, familie og tru gjennom eit stilsikkert språk, der både referansar til popkultur og ord og frasar på somali er fletta inn.

Athena Farrokhzad er ein svensk poet og forfattar, særleg kjent for debutsamlinga Vitsvit, om migrasjon, kvitheit og vald. På Litteraturhuset møtte ho Shire til ein samtale om poesi og marginaliserte menneske og erfaringar.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.