PLAY PODCASTS
Imperiet slår tilbake: Gauz’ og Yohan Shanmugaratnam

Imperiet slår tilbake: Gauz’ og Yohan Shanmugaratnam

Litteraturhusets podkast · The House of Literature in Oslo - Litteraturhuset

March 24, 202558m 22s

Audio is streamed directly from the publisher (sphinx.acast.com) as published in their RSS feed. Play Podcasts does not host this file. Rights-holders can request removal through the copyright & takedown page.

Show Notes

«Vektaren elskar babyar. Kanskje fordi babyar ikkje stel.

Babyar elskar vektaren. Kanskje fordi han ikkje drar med seg babyar på utsal.»

I ein Sephora-butikk på Champs-Élysées i vår tid står ei sikkerheitsvakt og betraktar kundane. Tidleg på 70-talet kjem Ferdinand til Paris og må læra seg dette nye landet å kjenne. På 90-talet jobbar venane Ossiri og Kassoum nattskift i den parisiske undergrunnen.

Tre generasjonar innvandrarar fortel historiene sine i Betalt for å stå, den sensasjonelle debutromanen til Armand Patrick Gbaka-Brédé, betre kjent som Gauz’. Med leikent språk, drivande handling og mykje observasjonshumor, er Betalt for å stå (til norsk ved Tove Bakke) ein fandenivaldsk komedie om fransk koloniarv sett frå ståstaden til serviceklassen.

Gauz’ er forfattar, redaktør og dokumentarfilmskapar frå Elfenbenskysten. Romanen Debout-Payé vart hylla av meldarane då han kom i 2014, og den engelske omsetjinga vart i 2023 kortlista til den høgthengande prisen Booker International.

På Litteraturhuset møter Gauz’ journalist og forfattar Yohan Shanmugaratnam til samtale om klasse, kapitalisme og rolla som sikkerheitsvakt.

Samtalen er på engelsk.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.