PLAY PODCASTS
Hildegunn & Leif-Per

Hildegunn & Leif-Per

179 episodes — Page 4 of 4

S1 Ep 29#29: Strikkejakke og verdensfred

Kvar blir det eigentleg av diplomatiet i denne heilsprøe verda om dagen? Hildegunn og Leif-Per sit kanskje på nøkkelen.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 20, 202336 min

S1 Ep 28#28: Postkort og Oslo-tur

Hildegunn og Leif-Per treng ein gjesteartist til ein liten konsert dei skal halde i sjølvaste Oslo. Kven skal dei ringe og høyre med? Bettan? Jørn Hoel? (...) Men det er ein heilt annan artist som står øverst på lista til Hildegunn - og som får henne til å skjelve i buksene.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 12, 202333 min

S1 Ep 27#27: OnlyFans og majones

Er det innanfor for middelaldrande kvinner med deltidsjobb på Cubus å skaffe seg ein OnlyFans-konto for å spe på privatøkonomien? Og kva for ein fritidsklubb er det eigentleg som har teke over NRK? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 6, 202335 min

S1 Ep 26#26: Dumtelefon og pannelugg

Kor smart er det å kalle ein smarttelefon for "smarttelefon" når alle berre blir dummare og dummare av å bruke den? På tide å innføre "dumtelefonen" igjen?  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 30, 202334 min

S1 Ep 25#25: Boblevest og sjalusi

Kva er eigentleg greia med boblevestar? Fins det folk der ute som frys utelukkande på torsoen, men som er kokheite frå skuldrane og ut til fingertuppane? Hildegunn får også denne gongen svært oppsiktsvekkande informasjon om sin eks-svigerson, Pablo Emilie Gutierrez, far til barnebarnet hennar, altså Per-Sindre Moltubakk Gutierrez. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 22, 202334 min

S1 Ep 24#24: Barnebursdag og øyrehår

Hildegunn er husvert for 5-årsdagsbursdagen til barnebarnet, Per-Sindre - og treng ei pustepause. Då røper ho til Leif-Per kva ho meiner om middelaldrande menn med for mykje øyrehår.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 16, 202331 min

S1 Ep 23#23: Diesellukt og skodespel

Stemmer det at Hildegunn har møtt ein ny mann? Og kvifor luktar han diesel? I tillegg må Hildegunn og Leif-Per kvile på eit godt og gamalt råd frå sjølvaste Wenche Foss for å kunne avslører kvifor Brit-Bente brått har begynt å ta ansvar på heimebane.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 9, 202332 min

S1 Ep 22#22: Ketchup og greinaløyse

Er du òg av typen som ikkje kan få jula fort nok ut av huset når røyken frå nyttårsrakettene har lagt seg? Og kan du eigentleg kalle deg nordmann dersom du ikkje har sett filmen «Orions belte»? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 2, 202335 min

S1 Ep 21#21: Overnatting og maldonsalt

Den ørkeslausa romjula er koma til Sunnmøre, og Hildegunn lurer på om det går rykter om kven som har ovenatta heime hos henne på julaftan. Dessutan: Du har sagt "Maldonsalt" feil - heile ditt liv.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 29, 202235 min

S1 Ep 20#20: Covid-test og underbukser

Kor høg feber må ein eigentleg ha for å kunne få litt medynk frå slekt og vener? Og høyr kva som skjedde då Hildegunn måtte vaske trusene til eksmannen, Per-Leif. (Nei, ikkje Leif-Per - for det er ekssvogeren til Hildegunn, broren til Per-Leif...) Forvirra? Då bør du kanskje ta ein liten lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 22, 202234 min

S1 Ep 19#19: Lussekattar og spanskrør

Kva har det med å skje når ei husmor er aleine med tre ungar, og skal bake lusekattar av surdeig samstundes som ho skal putte ein vedkubbe til i omnen, men katten Karsten Warholm angrip vedkubben i det omnsdøra vert opna? Jau, då går som regel brannalarmen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 12, 202233 min

S1 Ep 18#18: Spydkast og stikksag

Hildegunn har tjuvlånt stikksaga til Leif-Per og laga skraper i TV-bordet. Og kor hardt kan ein eigentleg presse ein katt inn i ei katteluke? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 5, 202234 min

S1 Ep 17#17: Julemesse og justismus

Hildegunn og Leif-Per har vore på julemesse, men sakna litt ekte julestemning. Og justiministeren har leigd seg ein smekker kjole. Men har ho - eller har ho ikkje på seg truse under? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 29, 202234 min

S1 Ep 16#16: Telefonsalg og Antonsen

Hildegunn har sagt ja til ein telefonselgar berre éin gong i livet sitt, og Leif-Per veit korleis folk som er brennande engasjert i revisjonsfaget høyrest ut. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 21, 202233 min

S1 Ep 15#15: Ampullar og Spenol

Kven var det som bestemde at vaksne folk treng julekalendarar til femten hundre kroner - for å korte ned den vanskelege ventetida til jul? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 14, 202235 min

S1 Ep 14#14: Gjenforeining og bortforklaring

Hildegunn er invitert til reunion for vidaregående for n’te gong, men har lite lyst - og treng ei unnskulding som held vatn. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 8, 202236 min

S1 Ep 13#13: Power og onomatopoetikon

Det kan vise at ei relativt enkel vaskemaskin står for den verste psykogiske terroren som er å oppdrive her til lands. Er det mogleg å få den maskina til å pipe berre éin gong??!! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 30, 202233 min

S1 Ep 12#12: Retriever og vaksenopplæring

Kva er det med hundeeigarar som berre tek for gitt at tilfeldige turgåararar berre må elske hunden deira like høgt som dei gjer sjølve? Og er du like distré som Hildegunn? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 25, 202233 min

S1 Ep 11#11: Sjeselong og leverpostei

Kva er det beste møbelet når ein skal snakke med psykologen, sjeselong eller saccosekk? Og kvifor bruker Fredrik Solvang i Debatten i NRK dressjakka til Rikerud i Andeby? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 16, 202232 min

S1 Ep 10#10: Svindel og Mummikopp

Hildegunn lurer på om ho har ei tvangsliding som resultat av at ho er blodgivar. Og dersom vi i Noreg skulle teste ut ordninga med opplyst einvelde – er då kanskje Lothepus den som bør ta styringa? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 9, 202231 min

#9: Pynt og valfag

Hildegunn avslører at ho lenge har hatt ein draum om å jobbe som privatetterforskar, og har sjølv sine meiningar om Eirik Jensen-saka. Og kva slags møblement og utstyr har du sjølv ståande heime, i tilfelle kongen skulle kome forbi på ein kopp te? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 2, 202230 min

#8: Skurtreskar og bedøving

Kven kan med handa på hjartet seie at dei veit kva som er skur og kva som er tresking? Og kva er det tannlegen gjer som kan føre til at du får eit horn i panna? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 25, 202232 min

S1 Ep 7#7: Lommer og hattar

Hildegunn avslører at ho har det med å lommeringe ordføraren i tide og utide. Og no når Dronning Elizabeth er borte, er det ikkje då på tide at vi får vite kor stort hattebudsjettet hennar eigentleg var? For ikkje å snakke om hatteøskjebudsjettet! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 18, 202233 min

S1 Ep 6#6: Moskus og Haaland

Kvifor fekk kvalrossen Freya så mykje meir omtanke i ettertid enn moskusen som rota seg inn i eit boligområde i Isfjorden ved Åndalsnes? Er det best å gje dyra eit namn før det er for seint? Og kor god fotballspelar er eigentleg Erling Braut Haaland? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 11, 202233 min

S1 Ep 5#5: Fastlegar og ripssaft

Kan du eigentleg kalle ein fastlege som du ikkje har sett på 3 år for ein «fastlege»? Og sidan det går så smått med oss om dagen, med økonomi og straum og alt: Bør vi eigentleg førebu oss på ei framtid der det er vi nordmenn som reiser til Polen for å tilby handverkartenester? Vil «nordmann» etter kvart bety det same som «ein som kan fikse kjøkenet ditt for ein rimeleg penge»? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 4, 202231 min

S1 Ep 4#4: Rottweiler und Neandertaler

Det er ikkje så lett å vere omsorgsfull mamma når dottera på 29, Brit-Bente har flytta heim igjen med fire ungar og ein rottweiler på lasset. Rottweileren er heller ikkje så begeistra for puddelen til sonen, Per-Stig – som òg har det med å stikke innom.   Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Aug 28, 202230 min

S1 Ep 3#3: Telttur og avocado

Er det ikkje på tide å gå i demonstrasjonstog for den stakkars avokadoen? Først skal han fraktast på skip, umoden og engsteleg – over Atlanteren, for deretter å hamne i matavfallet fordi den råtnar straks den ser dagslys. Hildegunn og Leif-Per krev av nokon må ta grep! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Aug 21, 202232 min

S1 Ep 2#2: Pergola og tekstilfritt

Hildegunn har vore på helgetur til Farris Bad, og vedgår at ho følte seg som ein fisk på land – spesielt då det gjekk opp for henne at alle måtte gå i likt badetøy. For ikkje å snakke om at nudisme har fått eit nytt namn: «tekstilfri sone». Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Aug 14, 202236 min

S1 Ep 1#1: Ferie og økokøyring

Er det innanfor for eksilsunnmøringar i Oslo å knote med dialekta si? Venninda til Hildegunn, Gry-Grethe, har begynt å flyte ut reint dialektmessig, og Hildegunn lurer på om det er greitt å seie frå før det vert for ille.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Aug 14, 202234 min