PLAY PODCASTS
3 x Hjeltnes

3 x Hjeltnes

44 episodes

S3 Ep 1Smalahovesleppet på Meieriet

Det er Smalahoveslepp på Voss og Hjeltnes-brørne held førfest på Meieriet med gode gjester!Bryggerimeister Rune Midttun kjem med passande lesk, og me lærer kvifor Kåre Kolve blei så flink til å spela saksofon.Smalahovekongen Geir Løne kjem sjølvsagt innom. Mor Andi snakkar om Smalaauksjonen og har tips til korleis du skal gå laus på eit hove. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 6, 202441 min

S2 Ep 5Ei god stund før jol (i Gamlekinoen!)

Live i frå Gamlekinoen på Voss! Me ringjer ei vassekte sportslegende, sjekkar ut tomme flasker med gin og smakar på jolaøl. Vibrerande NRK-vignettar med naboguten Ivar Kolve vert det også, og mor Andi har sjølvsagt sitt å sei om jola. God jol allesaman! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 9, 202253 min

S2 Ep 4Finsk strupesong, sjampis og nasefløyter - me er på Osafestivalen!

Ein heil time med makalause smakar, lydar og historiar! Hjeltnesane er på festival - dette er ein Osa spesial! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 29, 202258 min

S2 Ep 3Kølla og ein stiv ein frå fjorden

3xHjeltnes tek med seg legendariske Kølla & The Tommentotts til slekt og vener på Brakanes Hotel i Ulvik. Nils Lekve som lagar supert brennevin av eplene og morellene sine er sjølvskriven gjest. Mor Andi er i hovudstaden og rapporterer heim. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 21, 202247 min

S2 Ep 2Då Jimmen og Knut var rockarar

Eirik «Jimmen» Helleve, rockar og museumsbestyarar mimrar saman med Knut om stordomstida til den frie punken på Voss og alle dei snodige banda som var med på VM i Rock.Me smakar på sider frå Bleie. Vossarebels er med igjen og Twang Gang kan nokre av dei gamle låtane.Medan mor Andi har to gardbrukarheltar ho vil hylla og senda folk på tur til Tørvikbygd.                 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Apr 1, 202240 min

S2 Ep 1Skigutane spesial

3xHjeltnes er med på festen når hjørnesteinsverksemda Skigutane feirar 30 år med tull og tøys. Du møter to glimrande Vossaband; Vossarebels og Twang gang saman med Hans Engelsen Eide, Øyvind Lauritzen, Erik Hegbom og Kari Traa frå Skigutane.Mor Andi fortel om skileik då ho var yngre. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Mar 24, 202250 min

S1 Ep 36Ei god stund for jol (og ein tynn ein og)

3 x Hjeltnes samlar publikum med jolasong og godt humør på Voss. Lensmannen kjem og snakkar fotball. Nordens beste vinkelner Fransesco og filmregissør Frode Fimland er gjester. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 10, 202149 min

S1 Ep 35Live at Palmafossen med ordførar og Baljelauget

3 x Hjeltnes drar ut av studio og inviterer til fest mellom tankar med vossaøl, saman med folkebluesbandet Baljelauget og vossa-ordførar Hans-Erik, som er glad i ekte vossaøl. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 19, 202152 min

Me tek sumarferie, men kjem att til hausten.

bonus

3 x Hjeltnes tek ein velfortjent sumarferie. Me kjem att til hausten. Kos deg med eit lite høgdepunkt frå året med Dagfinn Iversen og Jon Hørnevik - Pelsdyrkonsulent. Me er attende i august. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jun 4, 20212 min

S1 Ep 3434: Helge Jordal slår seg laus med klikkertspeling og muntre songer frå Bergen og Voss naturlegvis.

Me får Helge Jordal med oss i studio. Han er ei utømeleg kjelde av morosameforteljingar og bidreg med det bergenske tjuagutt-instrumentet, Klikkert.Mor Andi tek seg av Ludvig Holberg si tid på Voss og eit gamalt tre. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

May 28, 202145 min

S1 Ep 3333: Bassgitar spesial med Halvor Folgerø

Halvor demonstrerer si fortid som nyhetsoppleser og spelar både jazz og beatles. Mor Andi er på tråden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

May 21, 202143 min

S1 Ep 3232: Ein av Noregs fyrste fotballproffar var pianist på Voss

Me får høyra soga om Egil Pettersen, «pianisten» som var fotballproff i Aix i Frankrike.Og ein ikkje ukjend vestlending som spelar fagott kjem innom. Mor Andi er på tråden som vanleg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

May 14, 202150 min

S1 Ep 3131: Odd Sørli mimrar om tida som toppalpinist og world cup på Voss

Odd Sørli har gode minner frå Voss og tar oss attende til den tida slalomski ikkje hadde carving og var over 2 meter lange. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

May 7, 202138 min

S1 Ep 3030: Teatersportspesial og det musikalske fyrverkiet Haba haba zoot zoot

Skodespelar Eirik Del Barco Soleglad frå Den Nasjonale Scene tar improvisasjon til nye høgder og byr på den svenske superhiten frå 1982. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Apr 30, 202145 min

S1 Ep 2929: Verdas beste softis får du på Voss eldste kiosk

Legendariske G. Kløve sluttar med dameklær, men gir aldri opp softisen som dronning Sonja vart så glad i. Me får og humoristen og skodespelaren Eirik Del Barco Soleglad i studio. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Apr 23, 202143 min

S1 Ep 2828: Tommen gravlegg folk og spelar i band

Vår gode ven Tommen driv begravelsesbyrå, lagar rockefestivalar og er ein triveleg fyr. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Apr 16, 202139 min

Ep 2727: Linda Eide spelar sax og heiar på Leicester

Det vert lystig når me får den fyrste dama i studio i Bergen. Linda Eide er lidenskapleg Leicester-tilhengar, mest kjend som blokkfløyteentusiast, men ho tek med seg saxen og til oss. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Apr 9, 202150 min

S1 Ep 2626: Ekstra påskespesial med vinkelnaren som vart prest

Me pratar inn påska med vår ven Bengt som endeleg er på den smale sti. Mor på telefon frå Voss og litt musikalsk moro. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Mar 26, 202142 min

S1 Ep 2525: Basket og blokkfløyte er livet for vår ven Jostein

Jostein Gundersen er profesjonell blokkfløytist med ei fortid som basketspelar og DJ. Me ynskjer påska velkomen med eit drøymeprogram for alle som likar blokkfløyte. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Mar 19, 202144 min

S1 Ep 2424: OL-vinnar Kvalfoss – mest sexy i 84 og best på knoting

I 1984 sørga Eirik Kvalfoss for at Voss vart ein av dei beste nasjonane i OL. Han hugsar godt når Bond-skurk var skiskyttar og me syng «For your eyes only» på nynorsk. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Mar 12, 202141 min

S1 Ep 2323: Gamlingane på Voss arva ein million til sprit og kaker

To sjukeheimer på Voss arva ein halv million kvar, som skal etast og drikkast opp.Me snakkar med den glade bestyraren Bodil. Sjur har google oversatt «Tanta til Beate». Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Mar 5, 202140 min

S1 Ep 2222: Bjarne Brøndbo fekk brev frå mor vår

Me snakkar med Bjarne om då mor vår satte han skikkeleg på plass. Han hadde og konsert på Voss, som Tore Strømøy nesten øydelagde.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 26, 202130 min

S1 Ep 2121: Møt Lensmannsbetjenten på Hjeltnes

På Hjeltnes bur ein sheriff som Arne, Knut og Sjur vaks opp med. Det skjer artige ting i disitrikspolitiet. Brørne vert og minna på ein spøkefull tur til New York. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 19, 202131 min

S1 Ep 2020: Poeten Jon og visesongar Daffen syng om pelsdyr

Jon Hjørnevik er mannen bak «I ein sofa frå Korea» og «Ikkje alle gjorde motstand under krigen». Saman med Dagfinn Iversen lagar dei god steming saman med Hjeltnes-brørne.Mor Andi snakkar om godt språk. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 12, 202131 min

S1 Ep 1919: Kari Traa ligg strak ut heime etter freestyle i kjellartrappa

Kari mimrar om karriera si i bakken og på dansegolvet. Sjur tar fram Eggum på engelsk. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Feb 5, 202132 min

S1 Ep 1818: Kjend professor var redd for lik og isdame i nabolaget vårt

Gunstein Akselberg frå Språksjov oppklarar artige stadsnamn og Sjur har funne fram ei gamal country-helt frå Vestlandet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 29, 202129 min

S1 Ep 1717: Årskavalkade og kåringar

Me drikk champis og snakkar med verdas raskaste pensjonist. Det er tid for å summera opp året som gjekk og kåra dei 10 beste idrettsprestasjonane. Mor Andi går gjennom highlights frå Voss i 2020 og Sjur syng Teigen på fransk. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Jan 22, 202137 min

S1 Ep 1616: Barnestjerna som feirar jol i bubil på Voss

Eivind Rattiti Løberg er ein fargeklatt med svært godt humør og bubilen parkert på Voss.I Bergen er det pepperkakebyen alle snakkar om.Mor Andi er glad for at musikklinja på gymnaset ikkje skal leggast ned.Jolaølet kjem frå Gvarv. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 11, 202039 min

S1 Ep 1515: Voss sterkaste mann går ikkje på pinnekjøt

Me snakkar med Markus Thomsen som er frå nabolaget og ein av dei som kastar lengst i verda.Me byr på gløgg og ikkje øl i denne adventstida. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Dec 4, 202036 min

S1 Ep 1414: Byen er Bergen og songen er vossanova

Doddo er halvt brasilianar, 100% bergensar, musikar og lidenskapleg fotballskribent. Han syng og spelar både fotballsongar og inderleg bossa nova med oss, og mor Andi fortel om bonden som bestod trusetesten. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 27, 202034 min

S1 Ep 1313: Ein verdsmester i gin tar plass i studio

For fyrste gong er det gjest i studioet vårt. Og det er ingen andre enn gin-guru, Stig Bareksten, som miksar drinkar og fortel om brennevin.Mor Andi vil til Nederland og Sjur fortel om smurfane. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 20, 202039 min

S1 Ep 1212: Naboguten som var med i Star Wars

Kåre som budde ved sida av oss har ikkje berre vore med i film, men og spela i eit verdenbskjend band.Me smakar på øl frå Voss og snakkar om Vossajazz med mor Andi. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 13, 202030 min

S1 Ep 1111: Voss, staden for vin

Merete Bøe har styrt ein av verdas flottaste vinkjellarar, som ligg på Voss. Ho har plukka ein flott fredagsvin til oss. Mor Andi fortel om då ho guida Batman-regissøren rundt i Bergen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Nov 6, 202037 min

S1 Ep 1010: Vår gale slektning som redda ein heil buss

Me har ein slektning som har hoppa veldig lågt med fallskjerm frå all verdas kjende landemerke. Øl frå Island, Mor Andi snakkar varmt om arkitektur og Sjur vil synga oss til månen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 30, 202035 min

S1 Ep 99: Sinte idrettsheltar og galningar som vil tøffa seg

Me snakkar om dei hissigaste sportsfolka, høyrer om ein som skulle imponera damene og fekk seg ein skikkeleg heisatur. Mor Andi fortel om smalahove før og no. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 23, 202040 min

S1 Ep 88: Då Voss spelte heime mot Chelsea

Me får vita korleis det var då Chelsea sette publikumsrekord på Idrottsplassen frå ein av dei som spelte kampen. Mor Andi er oppteken av kva slags namn ein gir ungar no for tida. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 16, 202033 min

S1 Ep 77: Ulvik, der alle Hjeltnesar stammar frå

Denne fredagen er det ikkje øl, men sider frå Hardanger som skal smakast. Kvitanesen, ein omreisande litterærhelt deler av sin kunnskap om Ulvik, bygda der vossingar ikkje alltid var like populære. Lokalmat som hakksteik og komler er på menyen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 9, 202036 min

S1 Ep 66: Kva skal me synga på aldersheimen?

Knut har vore i det tidlege støtteapparatet til ein verdsmeister, Sjur lagar speleliste for sin alderdom og Arne diktar om treski. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Oct 2, 202042 min

S1 Ep 55: Cowboy- og countrystemning på Voss

Heltnes-brørne mimrar om leik i gamle dagar og får rapport frå Finn Tokvam som har vore på den forvitnelege countryfestivalen på Voss. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 25, 202037 min

S1 Ep 44: Kvar har det blitt av bygdeoriginalane?

Over ein fredagspils skal du få høyra om vossingen som fekk sukker i buksa på Taiwan, Sjur tar fram klassikaren «Svigermor fra Voss» og mor Andi lovprisar korsong. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 18, 202040 min

S1 Ep 33: Ordførar på Nordfjordeid fekk sukker i buksa

Hjeltnesbrørne samlar seg over ei øl, tar ein prat med distriktsspykopat og ordfører Alfred Bjørlo,Sjur har ein plan for arbeidsledige musikarar i vegvesenet og mor Andi har siste nytt frå Voss Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 11, 202031 min

S1 Ep 22: Finland vårt nærmaste ferieland?

Alt du ikkje visste at du lurde på om finske skilegendar, finske attraksjonar og det finske televerket. Og drosjene på Voss, sjølvsagt. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sep 4, 202031 min

S1 Ep 11: Då Gordon Ramsay vitja Voss

I 2019 kom ein verdsberømd kokk til Vangen Cafe og Voss vart aldri det same att. I tillegg får du høyra om då mor og far Hjeltnes måtte gå i terapi. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Aug 28, 202038 min

PREMIERE FREDAG 28. AUGUST!

Denne podkasten er ikke som andre podkaster: De tre brødrene Arne, Sjur og Knut Hjeltnes bor på forskjellige kanter av landet, men møtes hver uke til en etterlenget fredagspils, som du får bli med på! Her får du alle slags nyheter; mye lokalt, litt internasjonalt, oppdateringer fra familien Hjeltnes - og spontan sang og musikk. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Aug 21, 20202 min